mandag 25. juni 2007

Tidkrevende prosjekt...

Eg er glad i å ta bilde. Og eg likar å ha orden på dei. Men eg syns det er litt kjedelig å lime inn bilde i album... Og no har eg ein diiiger haug med bilde som skal limast inn.
Mykje av arbeidet er jo å sortere og lage orden. Det kan vere kjekt. No har eg i alle fall kome så langt at eg har gått gjennom bilda og lagt dei i rett rekkefølge. Neste punkt er å fordele dei på 4 album... Vi har eit sjølve, og så lagar eg eit album til kvart av borna. Eldstemann har sikkert 6-7 album no! Prinsessa lurte på kvifor ho skulle ha eigne album, og eg prøvde å forklare at ho kan få ta dei med seg når ho flyttar vekk frå huset vårt. Ho vart heilt fortvila, for ho vil ALDRI flytte;) Mon tru om det er på same måte når ho ho er 20?? Eg måtte lova at ho skal få bu saman med mamma og pappa alltid.... Håper at ho ombestemmer seg før ho er 30, i alle fall:)
Og kva er det vi har her? Når Gulljenta fekk strikka kjole, må jo Prinsessa også ha! Men no har mamsen brukt Cortina i staden for Ullteppegarn, så kan eg strikke den litt meir passe. Kjole i str. 5 år er litt kjedelig...
Det vert nok ei svært forsiktig toving av denne.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Den blir nok flott den også skal du se:-D

Og jeg...hehe, blir artig å se ferdige produktet!

Anonym sa...

Tusen takk for koselig hilsen i bloggen min *klem*

Anonym sa...

Det er mye arbid og lage fotoalbum , men jeg synes det er verdt strevet når jeg er ferdig og resultatet blir bra. Mange fine stunder blir brukt etterpå og sitte og kose seg med albumene. Så er det så gøy og vise de frem til selkt og venner :)

Monstermønster sa...

Litt av en stabel med bilder! Lykke til med å lime inn, jeg har en lignende stabel liggende som venter på en regnvåt kveld, først da pleier jeg få ånden over meg til å lime inn. Lurt å lage album til alle barna!