lørdag 21. juli 2007

Ferie er ikkje direkte ille


Ein kan seie mykje positivt om å vere i arbeid og ta del i det produktive livet i fedrelandet, men det er vel ikkje så dumt å ha ferie heller?

No har eg vore heimeverandre i 9 mnd, og ser at det går mot slutten av den koselige perioden. Det er enda betre når dei andre i heimen også har fri! Og i år tok vi ein liten tur til Trondheim og Lesjaskog i ferien.


Vi har hatt det veldig bra, og eg har slappa av med strikkepinnane kvar gong eg har fått anledning. Det har vel vore litt variert ver, men det gjer ikkje egentlig så mykje.

Ingen kommentarer: