tirsdag 10. juli 2007

Oppdatering frå heimefronten:)

Midt i all pakkinga før årets vesle ferietur, måtte eg tøme kameraet.Då kom eg over dei bileta eg hadde tenkt å legge ut i går... Men det er vel ikkje for seint enno?


Eg har strikka ferdig eit sett alpakka pulsvarmarar som skal matche calorimetryen. Dei vart for så vidt ok, men eg trur eg skal lage ein annan versjon neste gong. Varmt og deilig er det jo, men det er litt feil å teste dei ut no! Dei vert plasserte i reservekassa på loftet enn så lenge. Så får vi sjå om det kjem ein stakkars trengande forbi etterkvart. Gubben såg kort på dei og meinte at eg såg ut som ein uteliggar i parken med sånne på. Er det frekt, eller?




Og i går fekk prinsessa velge middag: Pannekaker med masse bacon og fruktsuppe:) Namnam! Eg må innrømme at eg likar slik mat sjøl også, elles hadde eg vel ikkje lagea det. Og gullungen syntes det såg så spennende ut at ho måtte få smake litt pannekake ho også, og syntes visst det var godt. Betre enn middagsglas, i alle fall! (Det skal ikkje så mykje til... Middag er oppskrytt, i følge henne)

3 kommentarer:

sipusa sa...

Uteligger *LoL*
Ikke til å trooooo:-D
Synes nå de var helt fine jeg da... men klart, går du med for store bukser og fillete boblejakke til dem er det en annen sak;-)

Da vil du nemlig bli mistenkt for å stjålet dem, for de er for fine:-D

Elisabeth sa...

Har aldri sett en uteligger med pulsvarmere, i alle fall ikke av alpakka :) Fin farge også....

Dyveke sa...

De pulsvarmerne skulle jeg ikke hatt noe imot å gå med, lekker farge!