mandag 9. juli 2007

Hemmelig venn:)

Hemmelig venn for juni er igang! Eg har i dag kosa meg med å leite etter pakke til min hemmelige venn. Eg hadde aldri vore innom bloggen til denne dama før, men har brukt litt tid no på å sjå kva ho likar å lage. For ein gongs skuld har eg sendt avgarde litt stoff også, det vert spennende å sjå om ho likar det like godt som meg....

Eg kan sjølvsagt ikkje seie noko om kven det er, da!

Og så er det veldig spennende å vente på å få pakke sjøl;)

No skal vi bruke dagen i morgon på å pakke, og så reiser vi på tur til Trondheim onsdag. Vi reknar med å vere vekke i litt over ei veke, det vert kos! Siste dagane er vi på hytta på Lesjaskog, det er altfor sjeldan vi er der for tida.

Eg skal plukke med meg litt ulike garnnøster og matchande pinnar til turen, så får vi sjå kor mykje det vert tid til...

1 kommentar:

@afjo72 sa...

Ha en fin sommer, god tur! :o)