onsdag 25. juli 2007

IKEA til Sunnmøre NO!

Eg vil ha IKEA hit, som mange andre sunnmøringar:)

I ferien var vi i Trondheim, og la turen innom ein av magnetane: Ikea... Vi har planlagt kva vi skal ha, og har enda med Ikea fordi det er vanskelig å finne bjørk andre stadar.

Vi treng mellom anna skohyller og hattehyller til vaskerom og gang. Dette er nesten slik at det er litt desperat, det er lett kaos på vaskeromet og vi treng å få orden på det. Elles vert det familieterapi;)

I tillegg skal vi ha skrivebord til Musikanten, og ein kommode til han.

Og for å rydde til på loftstova: 2 skjenkar som skal passe under skråtaket. Der skal mor få sette alle bøkene sine bak dører, så ser det litt meir stilig ut:)

Så vi troppa opp på Ikea, mest for å sjekke at varene er slik vi trur dei er. Det er jo mogleg å gjere det slik når ein er i nærheita!
Og vi vart storleg fornøgde med det vi såg. Vi fekk bekrefta at for å få sendt varene til Sunnmøre må vi legge inn bestilling på nettet og så betale ca 2800 i frakt.

OK, vi skal ha så mykje at det er einaste moglege måte å gjere det på. (Så mange varer i ein alt full bil, det går jo ikkje!)

MEN: Kva er det eg møter på nettsida? Av ein eller annan idiotisk grunn er det ikkje mogleg å bestille skjenken Bjursta i bjørk, berre i dei andre fargane. Har du høyrt på makan? Eg ringde til ei hyggeleg dame og fekk absolutt ingen hjelp, berre sympati... Dermed vert det for dyrt, relativt sett, å betale så mykje frakt for dei andre varene.

Så eg får ikkje orden på huset! ÅHHHHH!!!!

Vi kunne jo berre ta ein ny tur til Trondheim, med tom bil. Men då kan vi nesten ikkje dra med oss borna, då er jo bilen full. Og eg kan ikkje reise uten minsten, for ho vil jo ha puppen i nærheita.
Ergo kan eg ikkje ordne dette uten at eg overtaler mannen til å køyre åleine til Trondheim og handle. Kjedelig er jo berre fornamet....

Jaja, det var dagens sukk.

Ingen kommentarer: