søndag 22. juli 2007

Mitt fyrste Kool-Aid-forsøk!

Dette var jo veldig enkelt! Og spennende, i og med at fargen berre kom dumpande inn i postkassa mi. Eg brukte to nøster Østlandsgarn, og mikrometoden som eg syntes verka svært enkel. Det var den!

Eg gjorde slik: Skylte garnet godt. Blanda ut pulveret med vatn i ein bolle. Brukte ganske varmt vatn til dette. Putta garnet i blandinga, klemte og styra litt før eg sette heile greia i mikroen i 2 minutt. Så fekk det kvile i ca 5 minutt, 2 nye minutt i mikroen. Då var vatnet ganske blankt, altså hadde fargesstoffa trekt inn i garnet.


Så fekk det stå ei stund og kjøle seg ned før eg skylte det mange gongar med vatn i samme temperatur som "garnvatnet" hadde.

No ligg det til tørk på benken min:)

Fargen er grålilla, meir lilla på utsida av nøsta og meir grått på innsida. Men det vert sikkert berre stilig! Har ikkje heilt klart for meg kva eg skal lage enno. Eg må nok sjå litt an om fargen endrar seg når det er heilt tørt.

Men dette var enkelt gjort! Neste gong skal eg prøve med fleire fargar etc. Det vert litt meir plundrete, men det må jo vere gøy?

Her fann eg bruksanvisning og fargekart: http://www.gaea-creations.com/koolaid.html

4 kommentarer:

Lena sa...

Wow, nydelig farge du fikk til der! Jeg har kool-aid selv, gleder meg til å prøve:-)

toja sa...

Det ble en flott farge! Gøy med Kool-Aid!

Fidus sa...

Så stilig garnet ble! Blir spennende å se hva du lager...

Ha en flott sommer!

Anni sa...

Fint at man kan farve garn i den farve man nu skal bruge. Det blev en flot farve.