tirsdag 31. juli 2007

Tova siteunderlag


Her er to nye siteunderlag klare:)

Det vert ei stund til dei neste, eg må ha variasjon i kosten!

Desse er strikka i dobbelt ullteppegarn. Eg la opp 60 masker på pinnar nr 7 og strikka ca 55 riller. Det vart ca kvadratisk, før toving var måla 45 cm begge vegar.

Vaskemaskina fekk låne dei ei runde på kort finvask, 40 grader.

Og etter toving er dei ikkje kvadratiske lenger! Dei krympa langt meir i breidda enn i lengda. Mål etter toving er 28 / 33 cm.




Kan du fatte og begripe kvifor desse ullteppeprosjekta skal tove seg aldeles bulkete? Det betyr vel at dei er tova litt for sterkt, eller? Dei ser jo ut som om dei er heilt på ein snurr, og så krev det MYKJE bearbeiding før dei er nokonlunde rette i kantane igjen... Neste gong skal eg prøve å tove på 30 grader! Men det vert som sagt ei stund til.... No vert det pulsvarmarar til gubben:)

2 kommentarer:

Gimpelise sa...

Knallflotte farger du har på desse sitteunderlagene dine.

sipusa sa...

Hihi, ja de var jo litt bilkete men så har jeg heller ikke sett noen med helt flat rumpe da;-) så da passer de vel??:-D

Og jeg satser på fin august ja...hehe, hvis jeg får bestemme eller altså hvis jeg har rett i mine spådommer eller noe sånn;-D