onsdag 1. august 2007

August alt no?

Hjelp, kvar vart denne sommaren av? Å, var det den som regna bort??

No er det visst august, og eg skal ha fint ver før eg er ferdig med permisjonen min midt i september! Det brukar å vere slik at det finaste veret kjem rett etter skulestart, så i år skal eg ha fri til å nyte det:)

Og kva anna skal eg ha gjort? For eksempel strikke ferdig eit par pulsvarmarar som gubben skal ha med på HV-øving midt på kalde vinteren.
Så skal eg lage det barnehagesettet til gullungen, så ho slepp å fryse når ho vert barnehagebarn. Og så har eg kome på noko nytt: Isskrapevottar må vel vere gode julegåver, vel? Så då har eg noko å forske på igjen. Det vert visst meir toving av det...

3 kommentarer:

mettepia sa...

Ser ut til at du har nok og gjøre nå i høst. Håper at dere får bra vær nå i høst. Det er jo så koselig og sitte ute og nyte været og ha med seg godt håndarbeid. :)

toja sa...

Huff ja, sånn tenkte jeg også. Hvor ble det av denne sommeren? Men det har blitt masse håndarbeid ut av elendigheta...

Ronille sa...

Ja no får vi håpe at sola kjem til Sunnmøre, for her har det jammen regna kvota si så det holder. Men eg skal ikkje klage som har sett sola i 2 veker no :) Har 2 veker att med ferie juhuu, så finevær tas imot med takk :) Ha ei fin helg.