tirsdag 21. august 2007

Hyttehelg på Lesjaskog

Vi har hatt ei deilig hyttehelg på Lesjaskog:) Det er ganske greitt å ha svigers som står for hytte, så kan vi berre nyte den av og til. Det er ikkje allverdens komfort der, det er ikkje innlagt vatn, så vi har utedo og oppvaskbalje og vatn frå elva. Men det er veldig kos, då! Og vi har straum, så det er tv og slikt der, og nok lys til å lese eller strikke på kveldstid. Denne gongen kjøpte eg med ferdig renska krabbe, og det var nydelig!

Når det er blåbær ute, må ein berre ut og ete litt... vi plukka ikkje meir enn at vi åt etterkvart, og Prinsessa åt i eit rasande tempo;) Eg var fullt sysselsett med å plukke til henne!


Og så skal eg finne ut kva type sopp som veks utanfor hytta. Eg anar ikkje kva den øverste her er. Men den nederste trur eg er steinsopp, og det er ein god matsopp. Eg må berre sjekke soppboka før eg vågar å servere den:) Neste år kan eg plukke den!

1 kommentar:

Anonym sa...

Neimen , har dere hytte på Lesjaskog ?? Da har jeg jo 3 "Hobbyboden-hytter" i nærheten ! :) Jeg bor 1 mil fra hytta dere var på i helga . :) Jeg drømmer litt om å treffe Hobbyboden-medlemmer som er i nærheten , til et lite strikke-treff en gang , det hadde vært så moro ! Er ikke mange i nærheten her med samme strikkelysten som meg... Du har forresten laga mye flott ! :)