tirsdag 21. august 2007

Vottar no...

Jauda, eg har laga vottar. Det passa veldig godt i dag, med sol og 20 grader på Sunnmøre! Men det kjem andre dagar!
Eg laga to par, det eine litt større enn det andre. Det viser seg etter toving at det minste paret er veldig passe, det største er for stort. Det går over;)


Slik vart dei etter toving!

Vi skal i bursdagsselskap til ei lita venninne i dag, og eg lurer på å legge ved eit vottepar også, i tillegg til spelet ho skal få. Prinsessa er ikkje enig, ho likte vottane så godt at ho har ikkje råd til å gje dei vekk. Mora får vel berre kaste seg over pinnane igjen og strikke eit par til! Og dei skal vere heilt like, må vite... Kanskje eg kan lage ein annan farge på snorene, i det minste?


Og eg har rydda litt på kjøkenet. Der dukka det opp ei halv rødvinsflaske som har venta på meg litt for lenge;) No vart det farging av garn i staden. Eg dumpa vått garn i ein bolle, dynka med rødvin og lot det stå ei stund. Så varma eg det opp i mikroen, skylte vekk rødvinen og hadde litt eddik i skyllevatnet. Gudane må vite om det vetr noko farge som varer, men det er i alle fall litt farge no! Ein slags bleik rosa/beige farge. Eg veit ikkje kva eg skal med det, men det var moro å prøve!

3 kommentarer:

sipusa sa...

hmm...ikke verst, flott med kreativt gjenbruk!!:-D

Og hvis vinen var litt gammel så var det vel litt eddik der også da burde kanskje fargen sitte??

Hehe, men hvem uttaler seg, jeg har ikke peil...

Og ja! Vottene ble flotte, skjønner at de ikke er så lett å gi bort:-D

tone sa...

Skikkelige jentevotter! Takk for titten i bloggen din! Har lagt deg til i blogglisten min, håper det er ok. Hvis ikke får du si fra! Ha en fin kveld!

Ronille sa...

Trur nok lisje snuppa forblir lisje snuppa mi i mange år til... Huff, som tida fyke, syns ikkje det er så lenge sida eg fikk ho :)