tirsdag 11. september 2007

No må vi halde fokus her

Kvar gong eg ser ein butikk med garn, vert eg frista til å kjøpe noko lekkert garn. Av og til klarer eg å gå ut igjen uten garn, men eg har fått eit ganske bra lager no. Så då er det vel best å halde fokus på kva eg eigentleg hadde tenkt å lage!

På planen er no

rosa strikkebukse til gullungen (alpakka)
rosa leggvarmarar til prinsessa
turkise pulsvarmarar til meg sjølv

Julegåver:
pulsvarmarar til eit par systre og svigerinner
leggvarmarar til nokre nieser
isskrapevott til to svogerar
tova vottar til nokre nieser og ein nevø

Det meste av dette har eg garn til. Og dersom eg berre klarer å hugse det, kan eg kanskje spare meg for å auke garnlageret uhemma... Kanskje.

Ingen kommentarer: