onsdag 19. september 2007

Og der var vi tilbake på jobb, ja.

Uff, så stress det er å kome i sving igjen etter eit heilt års permisjon! Men eg er heldig som har pappaen heime i nokre veker, da! No slepp eg å stresse i barnehagen før jobb, og kan konsentrere meg om kaoset på jobben... Det er heilt sprøtt å skulle gjere ein jobb der no. I tillegg til at det er mange viltre born på ein skule, har vi total ombygging på gang. Det inneber at alle klassene skal bytte klasserom to gongar no før jul, etterkvart som arbeidarane vert ferdige med jobben sin. Og lærarane (+meg og assistentar) er trykte saman på eit lite gammalt klasserom no, og skal ut i brakker om ei veke. Det bygget vi har "kontor" i no, skal rivast.

Det seier vel litt om planlegginga (og verdsettinga av lærarane?) at vi skal vere 3-4 personar på eit areal som ein mann har hatt før oss. Brakkene kom i dag, og dei er ikkje akkurat attraktive... Sukk. Eg skulle hatt permisjon i år istaden for i fjor!

Jaja, no har eg sukka, så då er det berre å brette opp ermene og gå i gang!

Ingen kommentarer: