No er det berre å flagge kvar eg kjem frå: Hareid, verdas kulturelle navle;)
Kvart år dei siste 46 åra har det vore eit kulturelt maratonløp her i kommunen. I starten var det ei helg, men det har vorte meir etterkvart, så no er det ei rekke arrangement i løpet av 9 dagar. Eg klarer ikkje å presentere kor stort dette er uten å gjere det skikkeleg. Så her er lista over det som har skjedd dei siste dagane:
Laurdag 13/10
Parklaurdag, aktivitetar for borna, kaffi, saft og noko å bite i.
Hareid Næringslag og Ten Sing
Opplevingsparken
Salsutstilling med vevkunstnaren Synnøve Erdal
Galleriet
Opning av Kunstutstilling, Gunilla Holm
Hareid kunstlag
Rådhussalen
Stemneopning, ved Ordføraren
Rådhussalen
Konsert: Brandalskoret og Ytre Suløen Jazzensemble
Hareid kyrkje
Søndag 14/10
Høgmesse. Prostiprest Sjur Sæter, dåp, nattverd, offer
Hareid kyrkje
Konsert. Hjørungavåg Brass. Solistar: Michael Pavelich, Merete Brandal Godø, Tina Brandal og Ann Katrin Barstad
Måndag 15/10
”Rabarbrakveld” Litteraturprogram med m.a. present. av Øystein Orten si bok ”Rabarbrakrigen”
Aulaen, Ungdomsskulen
Tysdag 16/10
Ballegove
Holesanden
Onsdag 17/10
Ishavskveld, tema ”Svalbard” m. Per Johnson.
Ishavsmuseet
Ungdomskveld
Hareidhallen
Torsdag 18/10
Kulturferdaskrinet
Musikk- og kulturskulen
Hareidhallen
”Tango for tre”
Hareid Amatørteater
Trudvang
Fredag 19/10
Lyrikktime
Leif Arne Grimtad m. fleire
Hadartun
Konsert, Ulstein Storband og Ulstein kyrkjekor
Hareidhallen
Laurdag 20/10
Opplevingsparken, dyr og aktivitetar
Parken
Snipsøyrvatnet Rundt
Hareid Idrettslag
Ope hus i Bygdatunet ”Vonheim”
Rulleskeiseløp for alle aldersgrupper
Verparen skeiseklubb
Stemnefesten
Hareidhallen
Søndag 21/10
Høgmesse, soknep. Møgster, 50-års komfirmantane, årets konfirmantar, ”Vokalisene”, offer.
Hjortegryte
Brandal Vel
Brandal bedehus
Konsert, Nordic Tenors
Hareidhallen
”Tango for tre”
Hareid Amatørteater
Trudvang
Heng du med enno?? Det er litt av ei liste, kva? Og eg har berre fått med meg bittelitt av det som har skjedd, trass i store planar om å vere med på meir.
I dag skulle eg ha vore på konsert med Nordic Tenors. Sonen på 16 var med i ein kvartett som tok del, og eg hadde sett fram til dette. Dessverre vart 4åringen sjuk i dag, og kunne ikkje vere med. Dermed vart eg nødt til å vere heime også.
Men i går var eg med!!
Det som berre går under det kjedelege namnet "Stemnefesten" er ein stor happening:)
Ei kjempemønstring som varer i 4 timar, pluss ein halvtimes kakepause.
Det er all slags rart presentert:
5 svært ulike vaksenkor,
dansegruppe,
vaksenkorps,
kåseri,
Jan Åge Fjørtoft som talar,
kulturprisutdeling,
bandet Merkesteinane (som består av psykisk utviklingshemma personar, dei har til og med laga film!),
ungdomskor.
Og intervju med barnehageborn på storskjerm...
Alt i alt ein herleg kveld. Rykta seier at det var nærare 1000 menneske i hallen i går kveld, og dette skjer i ei kommune med 4600 innbyggarar....
4 kommentarer:
Kos deg med Hareidstemna. Har vært på Hareid mange ganger, var gift med en hareidsdøl, ex-svigermor synger i Hareid blandakor så hun er nok i farta. Nyt utsikten, den er herlig og så skal du sikkert ha deg en svele.
wow, var ikke måte på program, imponerende i en så lita bygd ja.. synd du ikke fikk oppleve konserten da, men kommer nok flere sjansen..
Var på La Traviata i dag, og fikk inn litt musikalsk kultur i dag jeg og,,,
ønsker deg en kreativ og herlig uke
Her var det mye spennende å lese! Så mye fint du lager også :-)
Det var morsomt å se bilder fra Hareid igjen, lenge siden jeg har vært der. Min onkel jobbet som prest på Hareid før - og da ble det jo noen besøk når min fetter og mine kusiner skulle døpes :-)
Hei igjen Anlen!
Det er ikke Dag som er min onkel, men Arne Sørhagen. Jeg tror det må ha vært 20-25 år siden han jobbet i Hareid eller noe sånt.
Legg inn en kommentar