onsdag 3. oktober 2007

Nye tider på skulen...

Her skjer det mangt og mykje ved arbeidsplassen min. Vi skal få eit nybygg kombinert med total renovering av det gamle, så det vert ei ganske hektisk periode framover. Forrige veke fekk vi den store gleda å flytte ut i brakker. Der skal alle tilsette ha arbeidsplass, pauserom, møterom og garderobe, kjøkenkrok og do. Etterkvart. No var det berre det at brakkene var ei veke forsinka, medan rivearbeidet ikkje er forsinka. Det er nemlig eit anna arbeidslag som har ansvaret for det...


Her er det i teorien plass til 20 tilsette. Vi er 3-4 som skal dele kvart rom i brakkene, og no prøver vi å finne opp og ned på verda.

Medan vi bar inn kasser i haugevis, kom ein kar og mala veggane... Og elektrikaren klatra rundt oss. Vatn har vi ikkje enno. Men det er jo berre ei veke sidan vi bar sakene våre inn der, så det er vel ikkje å vente at det skal skje så kjapt!?

Og no er det hol i veggane:) Til høgre for gymbygget har det inntil nyleg vore eit overbygg som no er borte. Så no ser eg sjøen frå stova!

Ingen kommentarer: