onsdag 3. oktober 2007

Bursdagar i rekke og rad


Det er mange bursdagar i desse tider. Det tek ein del tid;) Men det er jo veldig kjekt å bruke tid på å vere sosial, da! Svigermor fyller 60 straks, og inviterte med seg dei tre borna med familier på hotellhelg i Geiranger. Det er ikkje direkte ille... Og vi hadde til og med fint ver! Det har jo nesten regna i 2 mnd her. Her er utsikten over Geiranger i det vi kom over fjellet. Tenk å bu her...

Gullungen hadde det fint ilag med to søskenbarn og masse tanter og onklar:)
Og eine søskenbarnet fylte 5 år laurdagen, så det vart litt gåvedryss også!

Eit litt spektakulært stopp på vegen heim frå Geiranger. Dette er eit lite gatekjøken/kafe. Trur det må vere nokre ekstra gjester som ikkje kjem pga maten...

Og i går var det 1-årsdag i heimen!
Eg vil ha kake! NO!

Ingen kommentarer: