søndag 14. oktober 2007

Tyrkia, eit fantastisk land!


Om du ikkje har vore i Tyrkia, er det på tide å prøve. Det er eit nydeleg land! Og vi har hatt ei nydeleg veke der no i haustferien. Vi er så heldige at vi kan bruke leiligheita til foreldra mine i Oba, rett ved Alanya.

Den ligg i eit kompleks med symjebasseng og fint hageanlegg, så vi kan godt kose oss der heile dagen. Men vi må sjølvsagt farte litt rundt også:)

På denne tida er det faktisk mykje varmare i sjøen enn i bassenget. Likevel hadde vi berre ein dag på stranda, det er noko med den sanden som vi ikkje klarer å bli kvitt etterpå...


Vi har hatt 25-32 grader, sol kvar dag, ein ettermiddag med torden og regn. Vi har fått utruleg god mat overalt, middag på restaurant kvar dag i ei veke er ikkje ille! Og alle tyrkerane er så begeistra for små born, så dei går nesten i spinn når vi kjem med to søte, lyse jenter.

Det einaste som er litt sørgelig, er at det kan bli ei stund til neste gong vi får reise alle sammen, for det er så vanskeleg å få fri samtidig.
Unntaket er sjølvsagt midt i fellesferien, men eg vil ikkje reise til Tyrkia då, og risikere 45 grader. Det hadde vore fælt for dei små, og dermed fælt for dei store...

Kanskje neste haust??

Ingen kommentarer: