søndag 14. oktober 2007

Shopping i Tyrkia

Hurra! Garn!!


Eg hadde ikkje tid til å leite etter garnbutikkar. Men på ein av våre mange spaserturar såg eg brått ein bitteliten butikk med garn! Og eg måtte handle, sjølvsagt. Dei hadde ikkje ullgarn, mest akryl. Eg fann ein type som er blanding av ull og akryl, medan den rosa/lilla er berre akryl. Nøsta er på 100 gram, så det skal vel kunne bli noko av dette. Eg anar ikkje kva....

På gater og streder kunne ein gå amok i dill og dall og tull. Ei niese har lagt inn bestilling på armband, så vi har snopa. Damene sel 10 armband til 2 lire, dvs 9-10 kroner.

Eg betalte litt meir for sjala. Men eg syns ikkje 125 kroner er mykje for to deilige sjal!

Og denne lekre duken i silke kosta knapt 100 kroner. Det er vel ikkje alt eg likte så godt, og hadde brukt like mykje, men det er kjekt å ha med nokre souvenirar heim!

Ei veke i Tyrkia er ikkje egna til store strikkeprosjekt, men det vart i alle fall eit par barnesokkar i Regia. Med to små på flyet er det ikkje vits å ta med strikkepinnar der... Og varme sommarkveldar er kos å bruke på verandaen med litt å drikke og lyden av grashopper. Strikkinga får eg ta att no når det er haust igjen;)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe, ja det er nok ikke alltid lurt å satse på å få seg ullgarn....men mye artig du har fått med deg likevel da!!

Torunn Skjærstad Moen sa...

Mye flott du fikk handlet deg i Tyrkia! Hilsen asterix.