søndag 14. oktober 2007

Og litt meir shopping:)

Vi gleda ein selgar siste dagen vår i Tyrkia.

Eg skulle kjøpe ei veske, og fall for det eldste trikset i verda. Nesten.
Gubben fekk lukte på ei godlukt for menn, og selgaren var ivrig og ville gjerne selge både den og to for damer i ein "pakke". Prisen var det ikkje noko å seie på, han ville ha 20 lire, eller 100 kroner. Då eg nølte litt, slengde han på ei flaske til, og så enda ei. Jaja, sa eg, det er så billig at det er dumt å ikkje prøve.
Då eg kom heim, såg eg at den eine pakninga var litt våt, så eg opna den og ville sikre meg at den ikkje var knust og laga lekkasje. Men det var ikkje rart at den laga litt våte flekkar. Det var nemlig ikkje topp på den, berre spraydingsen, heilt ubeskytta. Vi opna dei andre også, alle var jo pakka i skikkelege øskjer med plast rundt. To av dei fem har ikkje topp, den tredje har ein pussig spray-sak som ikkje klarer å spraye over kanten, så all parfymen vil renne nedover flaska istaden for fram. Dei to siste har topper, men tydeleg plast, dårleg tilpassa. Det lyser fake:)

Men vi vel å sjå på det som dagens gode gjerning: Mannen fekk berga omsetninga si, og kan kjøpe mat til kone og born. Eller noko anna;)

Denne er eg rett og slett fornøgd med! Fake, sjølvsagt, men det var ei slik stor veske eg skulle ha. Så då er det greitt! Og eg betalte ikkje meir enn at eg er glad og lykkelig eigar av ei "dolce&gabbana" veske;)

4 kommentarer:

Beate Larssen sa...

Wow så mye spennende du har vært og handlet! Moro å reise å finne skatter som vi ikke får tak i her hjemme.

Garnmysteriet er morsomt ja. Lurer på hva det blir.

torunn skjärstad moen sa...

Så mye flott du har handlet. Likte vesken din veldig godt. Kjöpte meg ny veske i går, Jeg er helt gal etter vesker og sko. hilsen asterix.

grethekristin sa...

Mye flott du har handlet i Tyrkia.
Veska var kjempe flott.

Hilde C. sa...

Det høres ut som om du har hatt en deilig tur til Tyrkia. Det er nok godt å ha det innabords før vinteren kommer.
Takk for tag'en, jeg satte pris på at du tenkte på meg. Jeg tror imidlertid jeg står over denne omgangen, da jeg svarte på noe lignende på mai, og dessuten får jeg fullstendig jernteppe når jeg skal skrive noe om meg selv :-)