torsdag 29. november 2007

Julegåver i lange baner

I går hadde eg kort dag på jobb, så eg organiserte svigermor til å ta ansvaret for mine søte små etter barnehagetid, og så stakk eg til Ålesund for å shoppe:)

Ålesund er forsåvidt ein nydelig by, men best i OK ver. I går var det absolutt kjøpesenterver, så eg tok turen til Moa... Der er det butikkar nok til alle behov. Og eg kan vere innandørs! Det vart nokre gåver, faktisk er eg godt fornøgd. Eg har aldri hatt noko mål om å vere ferdig før desember, men i går kveld kunne eg krysse ut 9 gåver som er heilt klare. Eg har nokre som er "halve", der eg for eksempel skal legge ved noko heimestrikka.

Og det er 17 att på lista mi over ikkje heilt ferdige gåver.

Eg veit kva eg skal gje mange av dei, men ikkje alle. Eg har litt vanskar med faren min og svigerfaren min... Må vel kome på noko lurt!

Eg fann også nokre søte knappar som skal bli ein del av gåva til min hemmelige venn i julerunda. Det er litt vanskeleg for ein strikkoholiker å finne gåve til ei som ikkje er veldig gira på strikking og garn!

1 kommentar:

Kath sa...

Det er kjekt å være godt i gang med julegavene!Jeg har også en del halve gaver som mangler noe hjemmestrikket!Ønsker deg ei fin adventshelg!