søndag 2. desember 2007

Sjuk i dag...

Makan til styr, altså!

Eg er rett og slett sjuk i dag. Det har mange i familien og resten av omgangskretsen vore, så det er vel ikkje så rart. Men kjipt er det! Eg trur ikkje at eg har feber, det har eg nesten aldri. Eg er berre så slapp at eg ikkje orkar å gjere noko. Og det inkluderer strikking. Det betyr at det er ille! No har eg sove på sofaen ei stund, så eg er litt lettare- men snart må eg opp og ut.

Det er juleframsyning for turnarane i dag, og eldstemann skal spele på julegrantenning etc. litt seinare. Og vi skal levere kake og vere gode korpsforeldre. Eg trur eg satsar på å site stille...

Men eit lite lyspunkt: Orkideen min blomstrar!

Ingen kommentarer: