mandag 3. desember 2007

Ravelry:)

No har eg gjort det...

Found you!
You signed up on Today
You are #65529 on the list.
8165 people are ahead of you in line.
4 people are behind you in line.
87% of the list has been invited so far


Eg har tenkt at eg skulle halde meg unna www.ravelry.com fordi eg sikkert kjem til å bruke enda meir tid ved pc-en. Men i dag har eg hatt litt for god tid:)
I går var eg sjuk, i dag er det prinsessa som er sjuk. Så eg måtte vere heimeverande husmor. Det har gått mykje tid til å vaske og skifte klede, men innimellom har eg fått stryke nokre haugar med klede. Og julegardinene har kome opp på kjøkenet.

Og så gjekk eg til det drastiske skritt å melde meg på ventelista til Ravelry. Der blir eg vel ståande ei stund, reknar eg med! Skarve 8165 personar før meg på ventelista.... Jaja. Eg får vel fylle tida med noko anna nokre månader til!

1 kommentar:

Anonym sa...

Får håpe prinsessa blir fort frisk att :)
Ha ei fin adventsveke!