lørdag 8. desember 2007

Selbustrev...




No er eg litt forvirra. Og eg trur ikkje eg er den einaste som har streva med selbuvottane. Så om nokon kan hjelpe meg vert eg glad for det....

Skal eg prøve å forklare kva eg ikkje forstår?

EG ser på oppskrifta at eg skal auke på "innsida" av ytterste maske i tommelkilen. Det har eg gjort. Men då får eg ei maske meir enn oppskrifta på "utsida" av kilen, på venstresida.

Kva skal eg gjere?

Eg trur eg rett og slett må legge vekk votten for i kveld, og heller strikke noko trygt...

Ingen kommentarer: