fredag 9. november 2007

Å, så kos det er med fredagskveld!

Dette er ein slik fin kveld! Det er kaldt og ufyselig ute. Inne har vi fyr på peisen, Nytt på nytt på tv, jentene har teke natta.

Vi kan slappe av i sofaen med ganske god samvittigheit. Kvifor? Fordi vi har vaska, vel!

Tidlegare i ettermiddag/kveld hadde vi ny cd i stereoanlegget medan vi vaska til helga. Det er noko vi faktisk sjelden gjer, å sette på musikk på litt styrke medan vi arbeider. Astrid Kloster heiter dama som fekk glede oss i dag. Nydelig musikk av Kenneth Sivertsen.

Og medan vi vaska, leika jentene seg saman. Dei kosa seg skikkeleg, det var mykje latter ei stund.

Så hadde vi granateple i kjøleskapet. Det er nok det beste frukt-jentene mine veit...
Så store delar av kveldsmaten i dag var nettopp granateple.

Storesøster hadde gjerne ete alt åleine, men ho klarte å dele med veslesøster. Ho åt med begge hendene;)

Eg vart sitande og berre sjå på dei, det er fascinerende å sjå kor oppslukte dei kan bli over noko godt å ete. Mon tru om vi er sånn av og til? Eller har det gått over?


Livet er ikke det verste man har, og om lidt er kaffen klar.

Ingen kommentarer: