torsdag 8. november 2007

Strikka kåpe frå mormor:)

Her er det nokre handarbeidsgener som har gjort meg til strikkoholiker. Mormora til mine kjære små har vore ein strikkar av store dimensjonar. Dei siste åra har det vore lite, men no har ho blitt inspirert igjen. Så gulljenta har fått seg strikka kåpe med lue og veske til. Kjempefin!

Og gulljenta såg seg sjølv i speilet og var tydelig fornøgd med det ho såg...

Eg har tidlegare strikka ein kjempegod dress (bukse og gensar) til prinsessa. Det høyrer ei stilig lue til settet, og no har det til og med vorte bjeller på den... No er det mogleg å høyre kvar prinsessa er, i alle fall om ho ikkje står veldig stille!



Prinsessa og mora fekk ein tur på teater i dag: Jul i Mummidalen. Ikkje det mest imponerende for foreldra, men absolutt noko for dei små besøkende. Fullt hus og stormende jubel. Nesten.

Det skulle vere fotoseanse for alle som ville etterpå. Men prinsessa torde ikkje å stå ved sida av dei store Mummitrolla uten mamma ved sida. Slik vert det vanskeleg å ta bilde....
Men slik såg Snorkfrøken ut:

2 kommentarer:

Eva Anette sa...

Den kåpen er jo helt prinsesseaktig - ikke rart at gulljenta er fornøyd!
Den luen der med bjeller på var helt genial...tror at jeg skal feste noen sånne på tøflene jeg lager til mannen min til jul..!

Hanne sa...

Hei du takker for et skue for øyet:-)
Så nydelig kåpe, med tilbehør. Kule luer også.
Hanne