søndag 4. november 2007

Dagens nyheiter

Etter opphaldet i Tyrkia i haustferien, har eg hatt noko akrylgarn som eg ikkje heilt visste kva eg skulle bruke til. Så eg tok eit par strikkepinnar og sette igang. Det vart ein bolero til prinsessa. Og eg har til og med hekla kantar;) Eg som ikkje eigentleg kan å hekle...


Eg manglar berre nokre knappar, store og rosa, så er prosjektet ferdig. Men eg har enno ein del garn igjen, så eg må vel berre vere kreativ litt til.



På jobben har vi meldt oss på ei slags utfordring. Dei fleste av oss er med på lag som skal "gå til München", vi har skrittellarar og skal gå 9000 skritt i snitt pr dag frå no og ut mars. Dermed må eg ut og gå, og det vert litt mindre tid i sofaen med strikkepinnane. Jaja. På slike turar kan ein få med seg litt idyll, og det skadar vel ikkje;)

5 kommentarer:

Strikkeglad sa...

Prinsessa blir sikkert overlykkelig, så lenge det er "joosa" er jo alt greit:) Deilig med gåturer i så flotte omgivelser! Ønsker deg en god uke!

syglad sa...

Så fin vest det ble til prinsessa di. Bilde av båten var stemmningsfult og flott. Ha en fin hobbyuke.

sipusa sa...

Kjempefin bolero! Bra du fant noe å bruke akrylgarnet på da, og fargene er jo helt topp!!

Torunn sa...

Nydeleg bolero,- jenta vert nok kjempefornøyd. :)
Nydeleg og stemningsfullt bilete med båten. Ønskjer deg ei flott og kreativ veke. :)

amylin sa...

Så flotte farger. Ha en flott uke.