onsdag 12. mars 2008

Lue til prinsessa mi


Inspirasjonen kom til prinsessa i huset... Ho såg pulsvarmarane som var under produksjon, og la inn bestilling umiddelbart. Rosa og perler skulle det vere! Og så litt blått. No reknar eg med at pulsvarmarar ikkje vert brukt så mykje, sjølv av søte prinsesser, så då vart det ei lue til :)

Garnet er Inca alpakka, og regnbogefarga perler er delvis strikka inn og delvis sydde på etterpå. Oppskrift fins ikkje, som så mykje anna er dette eit prosjekt som vart til etterkvart.

Prinsessa er fornøgd, ho!


Ho er også fornøgd med gåva frå farmora si. Dette teppet er strikka av eit sånt diigert nøste, eg lurer på om det heiter Susannah. Teppet er mjukt og varmt, og begge jentene elskar det! Det er noko syntetisk garn, så eg opplever det som litt stikkete? Eit sånt som heng litt fast i fingrane...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så flott lue du har strikka. Ha en fortsatt fin dag :)
Ronille

mimouna sa...

Kjempesøt lue!

Det er så fine farger på det Suzanna-garnet, men det er nok helsyntetisk ja. Men det er jo forsåvidt flece-tepper og slikt også da.