lørdag 7. juni 2008

Blåtur med jobben


Eg er så heldig at eg jobbar på ein skule med mange herlege menneske! Og no har vi vore på blåtur! Fredag ettermiddag, faktisk rett frå jobb, måtte vi berre gjere som komiteen sa. Og dei sa ikkje meir enn dei måtte;) Så vi var 15 personar i total forvirring.... Ganske morsomt!

Etter ein liten busstur på rutebussen, vart vi merksame på at dei tre damene i komiteen stod i vegkanten og vinka oss av. Så vart vi geleida til ein idyll ved vatnet, der dei hadde sett opp bord med pastasalatar, loff og sprudlevatn i stettglas. Og mange kilo med deilig frukt:) Det er ikkje ofte vi et så god mat på piknik-teppe i skogen!

For dei som ville prøve, var det tilgang til kano og robåt, og vatnet hadde herleg badetemperatur.


Så var vi innom bowlingen, før vi enda i eit nydelig område: Rekkedal gjestehus, mellom Ørsta og Sæbø. Det var ein utruleg idyll, og vi fekk fantastisk mat, perfekt service og alt vi kunne ynskje oss.



Så fint er det rundt midnatt:)

2 kommentarer:

garn og pinner og ... sa...

Artig med blåtur! Flotte bilder fra Sunnmøre. Kjekt!

Men den utfordringa fra deg eller Lunamon er jeg ikke med på :-D
Tror ikke folk vil vite sånt om meg....nestemann får ta den!

Tove sin strikkeside sa...

Rekkedal gjestehus er et flott sted. Har også vært der med folk fra jobben og spist fantastisk godt lammelår