onsdag 18. juni 2008

Garnmysteriet er løyst!

Eg har i den siste tida strikka på noko eg ikkje visste kva skulle bli. Men om det høyrest pussig ut, er det eigentleg ikkje så rart likevel, med tanke på at vi var over 200 damer som strikka på det samme. Og ingen av oss visste altså kva det skulle ende som...

Hobbyboden gjer så mangt!!



Men etter å ha fått oppskrifta i 5 delar, på mail, enda eg opp med ei veske som skal henge på ryggen;) Eg fekk ikkje til å ta bilde av meg sjølv med veska på ryggen, så det vert eit flatt bilde.

Eg brukte Vamsegarn, og det gjorde nok at veska vart noko mindre enn ho eigentleg skulle. Men den er stor nok! Før toving var den enorm, men den tova mykje, så no er den fast og fin i fisken.

1 kommentar:

Anonym sa...

Denne ble skikkelig fin å se på. Gratulerer med løsningen.