søndag 22. juni 2008

Geiranger med kunst


I sentrum av Geiranger ligg mange små butikkar, med souvenirar i alle retningar. Så då vi såg eit skilt med "troll free zone" vart vi litt nysgjerrige. Vi gjekk inn i eit lite, gammalt hus, og fann veggane fulle av nydelig kunst.

No har eg gløymt kva kunstnaren heiter, men han laga både stilige damer i keramikk og flotte maleri og fotografi. Stor variasjon og mykje å velge mellom.

Dessverre syns lommeboka mi at alt var for dyrt;) Men tenk å ha ei slik dame på veggen! Dei fanst i ulike størrelsar, frå 15-20 cm til sikkert meterhøge damer.



Og så eit oversiktsbilde over Geiranger! Tenk å bu der, da!

Ingen kommentarer: