torsdag 26. juni 2008

Ny kjole til gullungen


Eg har strikka kjole! Det er lenge sidan sist eg gjorde det, men no fekk eg iveren over meg... Oppskrifta fann eg i bladet Alt om håndarbeide, men dei opererer berre med sin eigen tråd. Så eg måtte stusse litt før eg kom til at eg kunne bruke Mandarin Fiesta. Den har rett strikkefastheit, 16 masker:) Det var nok medverkande til at eg fekk lyst til å strikke denne. Det går jo så fort!

I dag har eg kosa meg i sola. Med god salat og bok for å lære meg å hekle... Det skulle jo vere hekla kantar rundt kjolen. Så då var det berre å prøve å finne ut korleis det skulle vere. Eg er ganske fornøgd med resultatet!

Og no får vi vente på passe ver til å teste ut den nye kjolen!

Eg trur eg skal bruke restane av garnet til ein hekla hatt!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann. Innom på bloggbesøkrunde og for å ønske deg ei god helg. Kjempe søt kjole :) I dag skal eg til Ulsteinvik for å sjå om der er noke spennandes... I kveld skal eg på konsert med en x Deep Purple medlem :)
Klem fra Ronille

Hønehuset sa...

Så fin kjole da! Den blir sikkert snuppete på også:-)
God helg!

Anonym sa...

Nydelig kjole! Fargen var kjempefin:)
Så masse flott keramikk det var på den butikken du var i. Dit tror jeg at jeg må reise en gang.
Ha en flott helg!

Andrea sa...

Hei hei. For en såkjempe søt kjole du har strikket. Den var jo så liten og nusslig. Perfekt til en liten prinsesse ja. Blir spennende med hatten du har tenkt å hekle også. Ønsker deg en fin søndag!

Shamu sa...

For en nydelig kjole!

Nå fikk jeg ogsålyst til å finne frem heklenåla igjen!