søndag 1. juni 2008

Sommaren er her!

Vi har sett sola:) Vi var på hytta i helga, og fann sommaren! Det var varmt og fint, og eg vart til og med solbrent... Det var ei herleg helg, og eg skulle ønske vi kunne vere der mykje lenger. Men ok, kvardagen kallar, og det skal vere fint ver her også dei neste dagane. Kanskje det ikkje er så dumt her heller??

Dei siste dagane har eg kosa meg med garnet eg fekk frå ein hemmeleg uvenn. Ganske morsomt, at ein uvenn skal sende meg så fint garn! Men ho likte ikkje den gule fargen innimellom dei andre. Eg har strikka eit par sokkar til minstejenta, og eit par sommarsokkar til meg sjølv. Opal er eit tynt garn, så det vert ikkje veldig varme vintersokkar av det. Men til vår og haust er det flott:) Og så dei lekre fargane!!

Eg har aldri prøvd å strikke slike før, men det var ganske gøy. Det er jo så inderlig kjedelig å strikke dei lange vrangbordane! Så ein cm vrangbord passa meg utmerket...

Og så måtte eg berre bruke opp eit nøste Juvel. Resten av garnet vart til mai-pulsvarmarar, men no vart det jammen to calorimetryar av det andre og siste nøstet. Desse endar i reserve-gåve-kassa.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Så flotte sommerfarger det er på sokkene dine!! Ha en fin kveld:)

toja sa...

Sånne uvenner er ikke farlig å ha! Herlige sommersokker!

Shamu sa...

Så heldig du var da som fikk sånne gladfarger av en uvenn!
Kjekt å se at noens skrot blir andres skatter.

garn og pinner og ... sa...

Det nøstet fikk da et godt hjem!

Anonym sa...

Skikkelig flotte gladsokker du har lagd av "uvenn"garnet ditt :-)

Anonym sa...

Heisann. Her kommer ei lita helgahelsing fra meg. Puhh, bra godt og varmt no, men har bestemt meg for ikkje å klage... Da kjem vel skodda sigandes og regnet siler ned i bøtter og spann. Stilige sokka du har strikka.
Klem fra Ronille

Inger sa...

Så herlig korte sokker du har strikki. Det var en flott ide. Og herlige farger. Nei, det er vel ikke alle som liker gult. Venner eller uvenner. S
Men det blei lekkert.

Anonym sa...

Herlige sommersokker, og ja, er nok absolutt for meg og ja, kan ikke tenke meg noe kjedeligere enn å strikke vrangbord..

Ønsker deg en herlig og kreativ uke