lørdag 26. juli 2008

Fisketur!

Sjekk her! Er det mogleg å ha det betre?

Vi brukte ein nydeleg feriedag til å dra ut med den vesle båten til svogeren min. Båten er ikkje så imponerende, men den fyller ein viktig funksjon: Med den får vi besøke holmar og småøyer utanfor bygda der mannen min kjem frå. Og vi kan fiske!


Sidan vi hadde med minstemor på 1 år og snart 10 mnd, vart det mor si oppgåve å passe på at ho heldt seg på innsida av båten. Eg fekk difor berre prøve å fiske ein gong, og då fekk eg ein flott torsk:) Dette er stas! Det vart litt fleire etterkvart, både torsk, hyse og lyr. I dag steikte vi filetar av lyr, men det var ikkje det beste eg har smakt. Neste gong gjer vi som svigermor: Lagar fiskekaker.


Etter litt fisking er det på tide med ein pause. Så vi fann ei lita øy og klatra på land der. Vi fyrte opp bål rett ved sjøkanten, grilla pølser og kosa oss. Jentene ville bade, og dei vassa i alle fall eit godt stykke. Gubben var tøffare enn meg, så han hoppa i vatnet og symde eit lite stykke. Han måtte innrømme at det var kaldt:)



Gullungen fekk ikkje sove nok før vi tok laust, så ho vart ganske sliten av ein lang dag med båt, sol, fisk og bading.
Ho sovna i armane mine rett før vi kom til land. Så vi bar henne på land, og la henne ved naustet saman med resten av bagasjen. Og ho sov medan vi tømde båten, gjorde opp fisken, leita etter glasmanetar med prinsessa, flytta henne over i bilen og køyrde heim. Og likevel gjekk det greitt å legge henne for natta nokre få timar etterpå;)

6 kommentarer:

line sa...

Heisann
Så flott blogg du har, den er nå lagret under mine favoritter. Jeg ser at nå er det ikke lenge til du runder 10000. Håper jeg også får være med i trekkningen. Ha en flott sommer

sissels sa...

Ser ut som dere hadde en skikkelig fin båttur - herlig å være på sjøen når det er slikt vær.

Hønehuset sa...

Hihi, jeg ser visst 10000 tallet;-)

Anonym sa...

Fisking er moro ! Vi skal snart ut på Lesjaskogvatnet og fiske , det er et par år siden sist...
Ha en fin dag i sola :)

Josefine (HB)
(nr. 10004...)

sipusa sa...

Gratulerer med fin fangst:-D

Merete sa...

Når det er greit å sove sammen med bagasjen, er det et tegn på at man er trøtt... Ser ut som dere hadde en super dag!