lørdag 12. juli 2008

Sommarferie!

I tilfelle nokon er innom og lurer på kva som skjer: Eg er på ferie:)

Sit no på hotellromet i Oslo med pc-en i fanget og kosar meg. Vi har store planar om å returnere heim i løpet av eit par dagar, så då skal eg legge ut bilete frå turen, og nokre små prosjekt som eg har kosa meg med i ledige stunder.

Til då får alle ha ein fin sommar! Enten du er heime eller på tur, nyt dagane! Det er ikkje alltid veret er på sitt beste, men vi får seie som guiden i Geiranger. Ho sa til alle besøkende, uansett ver: Dokke er veldig heldige med veret i dag!!
Ho meinte at alt ver er bra til eit eller anna, og om det er dårleg ver til å vere ute, er det jo ikkje noko i vegen for å kose seg inne:)

Om regnet høljar ned, er det berre å krype opp i godstolen, med ei god bok, eller handarbeidet, og noko godt å ete og drikke innan rekkevidde. Kan ein ha det betre?

Nyt dagen i dag, slik den er!

Ingen kommentarer: