fredag 22. august 2008

Dagens nyheiter

Hurra, fjelldag! 2.-4. klasse var på fjelltur i dag, og eg fekk den store ære å vere fremst:) Det var morsomt, i alle fall var det ein langt lettare jobb enn å vere blant dei siste, og måtte hale med seg slitne born som ikkje kan forstå poenget med å surre rundt på fjellet.

Vi gjekk ikkje så langt, vi som gjekk fyrst brukte litt over ein time opp til ein gammal sommarfjøs. Så hadde vi laaaang pause:)

På heimebane har eg brukt opp litt garn. Dette garnet er farga med rødvin, for lenge sidan! Men eg har ikkje kome på noko å bruke det til. Så no måtte eg berre kome på noko... Slik vart det rett og slett garnslanking!

Det vart ein hekla og tova gryteklut. Eg burde ha laga to, men det var tomt for garn!

Det vart nemlig også eit par tøfler, gubben håpte på at dei var til han. Så då er dei det. Modellen her er meg, med assistanse frå minstemor. Ho syns ho også burde få tøfler. Men så er jo det eigentleg standardkommentaren til alt: Ej mæ ha!

Eg har ikkje brukt oppskrift på desse, og garnet er to ulike restar som eg slett ikkje aner kva er. Så dette er eit typisk "bruke opp garnet-prosjekt"

Ingen kommentarer: