tirsdag 12. august 2008

Deilig skjerf!


Etter ei opprekking er skjerfet no slik eg vil ha det!

Garnet er Mohair lux, strikka på pinne 8, rett og slett i riller. Det vart utrulig deilig! Og så er garnet såvidt litt stripa, nesten ikkje til å legge merke til, men det er der. Litt fargeskifte dersom du ser godt etter:)

Ser du at det er mjukt og varmt? Eg trur ikkje at eg har strikka med dette garnet før, og det er mange år sidan eg strikka med såpass "pusete" garn som dette. Men resultatet er eg fornøgd med. No er det berre å vente på vinteren...


Og medan vi ventar på vinteren: Det er vel ikkje noko som er betre enn rømmegraut? Her hadde vi ei stor panne graut i helga, og det er kanskje det beste eg veit. Men minstemor vil berre ha rosinene på toppen, så det er ikkje perfekt middag for henne!
Her er linken til oppskrifta, om du skulle trenge det.

5 kommentarer:

Hønehuset sa...

Åh, fristelse!

Torunn sa...

Nydeleg skjerf!!
Eg elska rømmegraut då eg var lita og, rett og slett, foråt meg på det... Så no likar eg det ikkje lenger, men no tåler eg ikkje mjølk heller, så då er det kanskje like greit. ;)

Strikkforbi sa...

Dette så nydelig ut! Både grøten og skjerfet c",) Jeg elsker rømmegrøt, og jeg har to nøster mohair lux i akkurat de fargene så her er det god sjans for seriøs herming!!

sipusa sa...

å få til et skjerf man er fornøyd med:-D mener det, for jeg har nemlig ikke fått til dette, det er vanskeligere enn man skulle tro!

Matja sa...

Nå fikk jeg veldig lyst på rømmegraut.Har det ikke så ofte,siden det bare er jeg som liker det her i huset.Nydelig sjerf:)