lørdag 9. august 2008

Dugnad....

I går var det ein spesiell dag for mange, kanskje rekordmange bryllup (080808), opning av OL i Beijing, endelig fredag og stort sett kos. Og eg fekk lov til å bruke kvelden på dugnad for skulekorpset. Hurra..... I dag er eg heilt vissen i hendene etter å ha skrubba golv som var fulle av taperestar. Det må jo finnast ein måte å få vekk slikt på uten å måtte jobbe så iherdig! Elles var jobben grei, det er lett å vaske når roma er nye og tome:)

Litt irriterende at det tydelig står igjen litt småplukk her og der, så det vert skitna til igjen av arbeidarar. Så vi får sikkert vaske litt neste veke også. Jaja, det vert fleire kroner i korpskassa av det!

Dette er eit av klasseroma vi vaska. Det er "min" skule, eg har gått der sjølv, og jobbar der no. Så eg er svært fornøgd med at der har vore ei oppussing/rehabilitering kombinert med nybygging.

Mange av klasseroma har same fasong som før, men dei fleste har blitt endra på for å fungere betre i dagleg bruk. Behova er noko annleis no enn då skulen var ny tidleg på 60-talet.

Dette er den nye delen, som ikkje skal vere ferdig før til nyttår. Der skal vi ha gymsal, heimkunnskap, kunst og handverksrom, lærarfløy og musikkrom. Så fram til jul vert det litt mangelfullt, men vi klarer oss!

Ulempa med garn som ein får i gåve, er at ein ikkje umiddelbart får tak i meir om det vert litt lite...
No har eg rekt opp att dette sjalet, og lagt opp færre masker. Det vart for kort, så då får det bli litt smalare og lengre på neste forsøk!

4 kommentarer:

Hilde C. sa...

Oi, det hørtes ut som litt av en jobb, men det er hyggelig å høre at skoler faktisk pusses opp innimellom også :-)

MaritHB sa...

Ikke så ofte en hører om dugnad lengre, men det er kjekt å tjene inn noen kroner til lag og organisasjoner.
Ha ei god helg!

Irene sa...

Må si meg enig med hilde c. her, veldig kjekt å høre om skoler som blir pusset opp!! Ønsker deg en kreativ helg.

Fru Dart sa...

Så flott at faktisk noen skoler blir pusset opp. Hører så mye om nedlegging og sentralisering. Og så er det jo greit å kunne tjene noen kroner til korpset.

Ang skjerfet du strikker. Har strikket skjerf av samme garnet selv og brukte da dette mønsteret: http://lupinbunny.blogspot.com/2006/10/invisible-stripe-scarf.html
Men jeg la opp 20 masker. Da ble det passe langt ;-)