torsdag 14. august 2008

Geiranger i gråver

I dag har eg hatt ein koselig dag! Eg fekk vere med 30 nye landsmenn på busstur til Geiranger. Det var utrulig kjekke menneske med på turen, frå Kongo, Tsjetsjenia, Somalia, Eritrea, Palestina, Sri Lanka.... Ja, eg har ikkje heilt oversikta over alle!

Berre så synd at det var heller dårlig utsikt!

Du kan samanlikne dette bildet med det nederste i innlegget for å sjå korleis det kunne ha sett ut i betre ver;)

Vi har vore i Geiranger mange gongar med familien, men aldri tatt ferja frå Geiranger til Hellesylt før. Det er ein flott tur, og gir ein time med perfekt natur. I dag var det litt trolsk, med skodde langt nede i fjorden! Litt kult, når eg klagar på at det er skodde, får eg til svar frå ein kar frå Eritrea: I Norge ikkje dårlig ver, dårlige kle.



Og berre for å presisere: Dette er eit bilde frå juni, og kun til samanlikning:)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Lrit med dårlig vær på en slik tur, men det var vel sikkert verdt turen likevel.
God helg!!!

Inger sa...

Ååå Geiranger er bare så flott. Har vært der både i finvær og ikke så fint vær - men en flott tur er det hokke som :o)

Takk for hyggelig hilsen i bloggen min forresten!

randi K design sa...

Ja, Norge er et flott land! Er det Dalsnipa dere er på her? Var der en gang som lita jente...(..og det er nokså lenge siden det)

Anlen sa...

Det er ikkje Dalsnibba vi er på, men i andre enden av Geiranger. Dette bildet er teke på veg til Geiranger, og eg trur at Dalsnibba er ein av toppane du ser i bakgrunnen av bildet.