tirsdag 5. august 2008

Mor går i barndommen...

Då eg var ganske lita flytta vi inn i nytt hus. Det tok sikkert ei stund før alt var på plass ute på tomta. Eg hugsar at eg brukte mykje tid på å leike med leire som eg fann i haugane med jord.

I dag har gravemaskin og handemakt lagt om på vassrøra inn til besteforeldra mine sitt hus. Der kom det jammen til syne ein god del leire! Det er leire i heile grunnen her, det veit vi frå alle byggeprosjekt som har vore her....

Eg var ute saman med minstegullet, og eg MÅTTE berre prøve å kna litt i leiren igjen! Det enda med stor iver frå mor, litt mindre iver frå dei to jentene. Men jammen vart dei bra skitne uansett;) Prinsessa var nokså lunken i starten, men det tok seg opp etter at mor hadde knadd leira mjuk og god. Det er omtrent som det brukar å vere, det: Mor gjer forarbeidet, jentene kosar seg 4 minutt, mor brukar ein liten time på å rydde og vaske alle kleda...

Eg syns faktisk at det var gøy likevel:) Og på ei avis ligg no eit troll til tørk.

Ingen kommentarer: