tirsdag 19. august 2008

Snart klare til skulestart?

Eg jobbar på ein skule, sjølv om eg ikkje er lærar. Berre nesten;) Eller ikkje i det heile...

No har vi berre nokre timar att før elevane stormar inn dørene igjen. Som vanlig er det mykje å gjere dei siste dagane, men det er vel litt meir kaos etter ei stor ombygging og rehabilitering enn elles. I dag kommenterte ein kollega: "Alle som har vore her på skulen og budd i brakker det siste året har blitt heilt rare!" Eg måtte le, og spøre kva ho tenkte på. Jau, alle som har vent seg til å ha det trangt og krøbelt det siste året, var rolege og relativt avslappa. Dei andre, som har vore på andre skular i kommunen dei siste to åra (eller meir), hadde nesten panikk. For dersom ein ser på tilstanden utanfrå, er det galskap å tru at alt vert klart til i morgon kl. 08.15. Men vi som har hatt det omtrent slik i lang tid har kanskje lært noko? Det ordnar seg etterkvart, om to dagar er alt på plass. Og vi overlever om det vert litt på ein slump dei fyrste dagane.

I dag bar vi reolar, fleire stolar og pultar, bøker og kateter. Og elektrikarane gjekk og klatra overalt, for å få på plass alt det siste til i morgon. Eg håper ingen her er gift med ein elektrikar, for eg veit ikkje nokon som rotar meir enn dei! Det vert store haugar med avkappa ledningar etc etter dei.

Garderobene til elevane er stort sett umøblerte, knaggrekkene ligg på golvet. Jakkene heng ganske dårleg frå golvhøgde.... Det er bra at det er sol for tida;)

Men eg trur at lærarane vert positivt overraska likevel i morgon, for i kveld har eg og 12 andre vore på dugnad for skulekorpset igjen, og vaska om kapp med dei kommunale vaskarane. Det har mykje å seie at arbeidarane gjorde seg ferdige i kveld, pakka unna rusket sitt og gjekk vidare til neste fløy. Og når det då vert reint, så ser det mykje meir fristande ut!!

Elevane kjem, lærarane kjem til å få på plass alt før helga, og så er livet i vater. Igjen.

Godt arbeidsår til alle!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg kjenner meg att i det du har skrive her. Me har hatt eit år med oppussing av skulen, men alle elevane har vore stua inn i alle krokar me har funne det siste året. No er det berre nokre dører som må på plass før heile skulen er "ny". Og me er ganske rolege til alt. Elevane har begynt igjen og sjølv om ikkje alt er ferdig så går alt greit.
Godt år til deg.