søndag 14. september 2008

Å nei! Leiteaksjon og triste saker! (Med oppdatering)

Vi hadde ein flott dag i dag, med svigerfamilien på tur med Hurtigruta frå Ålesund til Geiranger og tilbake. Vi feira 40-års bryllupsdag, med god mat og flott ver, det kan ikkje bli betre:)

Men så kom sjokkmeldinga på heimvegen: Eit søskenbarn av mannen min, ein kjekk ung mann på vel 30 år, er sakna. Ingen har sett han sidan han forlot ein utestad laurdagsnatta kl halv to. Mobilen er slått av, og han er ikkje å finne. I dag har slekt og vener leita overalt, og ingen anar kva som kan ha skjedd. Det var totalt uventa at han skulle ha rota seg vekk, så vi går i spenning alle mann.

I morgon skal visst kystvakta leite ved hamna, og mannen min har gjort seg klar til å bli med på leiteaksjon på land i morgon tidleg. Vi tør ikkje å tenke, og klarer ikkje å la vere. No er det berre å gå til sengs og samle kreftene til morgonlyset kjem. Send nokre gode tankar, det kan trengast!

Siste i saka:
Leiteaksjonen vart avslutta i ettermiddag, etter at han vart funnen omkomen i fjøresteinane på ei naboøy. Han har truleg ramla i sjøen, og etter eit og eit halvt døgn vart han altså funnen eit godt stykke unna.

Det er trass alt bra at han er funnen, å ikkje vite er grusomt. Så vert det nokre rare dagar, men det får gå bra!
Moralen er: Ta vare på kvar dag som om det var din siste, det kan bli rett før du anar det.

11 kommentarer:

Marianne G sa...

Huff, så guffent. Krysser fingrene for at han blir funnet i god behold.

Inghild sa...

Håper inderlig han kommer til rette i god behold!!

Heklejenta sa...

Så trist. Håper dere får noen gode nyheter i morgen.

HamarJente sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hege sa...

Håper det går bra!

HamarJente sa...

Oj, så vanskelig. Håper dere har fått en god natts søvn og er klare for uka. Flott mannen din stiller opp til leteaksjon. Sender masse lykkeønskninger og håper det blir en positiv utgang av det hele.

AyN

Bodil sa...

Krysser alt eg har for at dette skal gå bra!!

umulie sa...

Så leit å lese. Tenker på dere. Ta vare på hverandre.

Bodil sa...

Ser leiteaksjonen er avslutta...
Trist det fekk ein slik utgang.
Kondolerer.

Frau Putz sa...

Hej Anlen
Din blog plejer at gøre mig så glad - og inspirere mig til at strikke mere, bage mere brød og så videre.
Jeg er virkelig ked af det for dig og hele din familie. Hvor er det trist.
Jeg håber du finder strikkepindene frem. Jeg har brugt mange af mine strikkede trøjer som "terapi", når livet har været trist.
Alle de bedste ønsker til dig og din familie.

Anonym sa...

Heisann. Innom på min ukentlige bloggbesøksrunde, for å ønsker deg ei riktig god og fin helg. Trist med han som dei fann omkommen, håper det går bra med dokke. Uff, veit korleis det er....
Klem fra Ronille :)