tirsdag 11. november 2008

Opplevingsgard er fine greier:)

Her i bygda har vi eit lite eldorado for dyreglade. Opplevingsgarden har mange slags dyr, og arrangerer gjerne barneselskap i løa. Det er mange som er innom der med barnehage og skule.

Det er ikkje nødvendig å gå på "offisielt" besøk for å få helse på dyra. Dei går jo ute store delar av tida, så dersom du vil sjå dyr er det enkelt å få det til!

Vi kan helse på esel, hestar, lama og sauer. I tillegg har dei høner, grisar og kaniner. Kanskje har eg gløymt nokon no....

Vi var på ein ørliten skogstur/fjelltur søndag, og hadde med salte fiskar som niste. Gullungen vil gjerne dele med hestane.


Det er jo flott å ha slikt i gangavstand!


Elles har eg skjent på farfar nokre gongar, med mild stemme:) Han fekk nye selbuvottar av meg til jul i fjor. Og har ikkje tatt dei i bruk. Slik ser dei gamle ut.

Mannen må ha dei nye vottane til finbruk. Så er det jo berre det at han er 91 år og burde bruke vottane medan han klarer å gå ute, ikkje sant? Men dei gamle har farmor på straks 95 bøtt mange gongar, så dei er ganske sjarmerande....

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjenner igjen det med å spare på nye ting, pappa var også slik. Med det resultatet at han aldri fikk brukt mye av det. Men det sitter nok igjen i mennesker fra den generasjonen, nå er det heller omvendt. Stoppete votter har jo absolutt sin sjarm de også da.

Kjempekjekt med en slik besøksgård, trivelig for ungene å se alle dyrene. Ha en god helg!