fredag 14. november 2008

Oppryddingssjau!

I dag har eg gjort ein stor innsats for orden og denslags i heimen. Eg hadde huset for meg sjølv i 2 timar, og då kasta eg meg over ein haug kasser med barneklede. Dei har samla seg på gjesteromet i lang tid, for det er så enkelt å sette dei der... Det er berre desto kjedeligare å ta dei igjen...

Eg har også sortert unna med hard hand. Det smartaste var kanskje å krype ut på "mørkeloftet" og leite opp kva som står der. Sidan vi berre har budd her i 6 år, er det begrensa kor mange kasser med barnekle som er der, men eg fann ei kasse som fekk vere med inn i varmen. Og eg kvitta meg med nesten alt som var i den. Med unntak av ein gutebunad og nokre strikka gensarar som skal få ein ny sjanse her i livet:) Eg reknar det som akseptabelt å kvitte seg med klede dersom dei havnar i containeren til UFF eller nokon andre slike. Så i morgon kan eg stappe 7 plastposar i containeren.

Etter å ha sett kor lite eg ynskjer å plukke fram att etter nokre år, er det lettare å vere kritisk til kva eg skal pakke ned. OK, eg skal innrømme at nesten alt etter storesøster vert teke vare på til minstemor, men det er ikkje mange åra til det skal fram i lyset igjen heller!

No har eg pakka og merka i kasser, sortert etter størrelse, slik at det er lett å finne att kassene etterkvart som eg kan leite etter små skattar til minstemor.

Og dei kleda som er brukte til to jenter er det lettare å kvitte seg med, for då er dei faktisk ganske slitne! Då er det ikkje eingong alt som er verdig ein tur i klescontaineren....

1 kommentar:

mimouna sa...

Godt med slike ryddeøkter av og til. Jeg samler mot til å gi meg i kast med alt på loftet. Mye rart man samler på som egentlig bare tar plass og aldri kommer til å bli brukt igjen. Her har du gjort en god jobb!