torsdag 11. desember 2008

Ein trist dag, sjøl om det er nydelig ute...

Slik såg det ut då eg henta gullungane i barnehagen klokka kvart over tre. Det er i ferd med å bli mørkt, månen er nesten full, og alt er stilt og blått.

Og så er det likevel veldig trist i dag.

Ein kollega har fått brystkreft med spredning, legane gir henne 50% sjanse til å klare det. Ho er tøffare enn toget, og trur at dette skal gå bra. Vi får tru at det stemmer. Men det er tungt å vite at ho er alvorleg sjuk. Kanskje skal vi alle gå til mammografi snarast? Ho er berre litt over 40. Vi kryssar fingrar og tær, og sender ei lita bøn. Meir kan vi ikkje gjere. Men det er jo ei påminning om kva som er viktig her i livet.


Vi fyller dagane med mykje uviktig. Men noko av det uviktige er likevel veldig hyggeleg, og gjer livet verdt å leve.
Som to jenter med haugevis av frukt på felles fat, innpakka i det samme teppet framfor Jul i Blpfjell.

I dagens adventskalender fekk eg ei fin gåve til alle desse kalde desemberdagane vi har no. Fleire typer te som eg ikkje har prøvd, og litt søtt i tillegg:)


I dag vert det faktisk te til julekakebakinga, for eg har fått iveren over meg. No har eg laga ei type julekaker, og vurderer om eg skal sette igang med den neste med ein gong. Jaja, når alt rotet er framme er det vel berre å peise på!

Ha ein fin dag, og hugs å vurdere om du skal bestille ein time til mammografi. Det er kanskje verdt bryderiet.

2 kommentarer:

Annika sa...

Off, så fole å lese egentlig. Håper inderlig at det går bra med dama. Nok ei påminning om at livet er skjørt1

Anonym sa...

Det var en trist nyhet. Håper det går bra med henne. Har du lest bloggen til Hobbyvenn? Hun takler sin kreftdiagnose utrolig bra og skriver veldig fint om det. Kanskje noe å lese for kollegaen din også, mange av tankene og følelsene rundt en kreftdiagnose er nok de samme.

Noen ganger blir vi påminnet om hvor skjørt livet er, ta godt vare på hverandre og ha en fin helg!