onsdag 10. desember 2008

Feriedag!

Det er vel ikkje noko som er betre enn ein litt uventa fridag? I alle fall rett før jul! Og eg skal ikkje bruke dagen til å strikke. Ikkje skal eg site ved datamaskina heller. Må berre innom ein liten svipptur....
Eg har sendt jentene i barnehagen, og har heile dagen til å gjere ferdig julegåver, bake, vaske vindu, støvsuge og vaske hus, vaske klede, ordne litt i plantene i vinduskarmane. Ja, som du sikkert skjønar: Det er ikkje nok med ein dag. Men eg får prioritere litt hardt, og gjere det eg rekk!

Prinsessa ville ha den nye lua si i barnehagen i dag. Den er strikka av garnet eg fekk av min hemmelige venn i desember, Midnattsol. Tusen takk frå både meg og Prinsessa!


Dagens høgdepunkt, adventskalenderen min, avslørte eit nøste Mandarin Petit, med eit forslag om å strikke ein av klutane eg fekk oppskrift på i går. Vi får sjå om det vert romjulsklut;) Takk, Annie!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg skjønner godt at prinsessa di ville ha den fine luen på.
Ønsker deg fortsatt en fin dag
Klem

Anonym sa...

Godt å plutselig få en hel dag ekstra til rådighet.

Luen ble fin, god fasong og nydelig garn!

medina sa...

Kjempefin lue du har strikka.fisesub

medina sa...

Obs! Der havna orbekreftelsen i feilt felt.