tirsdag 9. desember 2008

Den niende dagen i Blåfjell

Her er det jul i Blåfjell på tv:) Det er sjarmerende og koselig å sjå det igjen. Og når dei små blå nesten ikkje rekk inn i fjellet i tide, kryp Prinsessa saman bak armlenet på sofaen. Det er for nifst til å orke å sjå...

I adventskalenderen min fann eg to herlege knappar i går. Berre sjå kor stilig:

I dagens kalender fann eg oppskrift på to ulike julete klutar. Smarte ting å gje vekk til den som har alt, ikkje sant? Vi får sjå om det vert strikketid nok til alt eg har lyst til å strikke...


I dag har eg laga julekaker. Eg prøver å lage glutenfrie versjonar av dei eg har laga før, men det er ikkje så lett alltid. Trur nok at svigerfar får klare seg med eit par sortar, for det er litt for spennende å lage nye versjonar av alt. Det hjelp liksom ikkje å gøyme seg bak armlenet på sofaen heller! Rart, det der...

Ingen kommentarer: