lørdag 20. desember 2008

Juleferie!


No er det juleferie, og vi kan nyte fridomen i 14 dagar:)Jaja, eg kan ikkje sette meg ned med strikkepinnane heilt enno, det står ein del att før eg syns eg er klar til jul... Mellom anna ganske mykje vasking. Eg har tenkt å levere gullungane i barnehagen mandag og vaske og ordne som ein gal nokre timar, og eg får håpe gubben er frisk att til då! Han er ikkje i slag, og er dermed ikkje i sedvanlig "vaske-heile-huset-inkludert-bak-alle-møblar"-modus. Men det blir jul også uten at alt er vaska;)

Eg har strikka ei lue som skal gjevast vekk til ein svoger:) Viking Balder, pinnar nr 7 og 8, det går fort!

Kalenderen min er enno ikkje tom. Men no er det ikkje mange pakkar igjen:)
I pakken med talet 18 på fekk eg oppskrift på smuldrepai med bær, og bjørnebæris. Nam! Kanskje eg må prøve? Sjøl om bjørnebærbuska mi aldri klarer å gje meg modne bær....


Og bak nummer 19 fekk eg perler som heilt sikkert vil passe bra til makrame! Stilige perler, i ulike fargar og typer. Dette blir stilig når julefreden senkar seg litt.

I dagens pakke fann eg ein utrulig søt liten figur! Det er ei nissejente, med ei oppfordring om å pynte treet snart? Denne skal på treet, det er sikkert. Berre sjå kor søt:

Tusen takk for svært varierte pakkar, Annie!

2 kommentarer:

Elisabeth Augusta sa...

God jul!

Anonym sa...

Stikker innom for å ønske deg ei riktig God jul.