onsdag 24. desember 2008

Å, jul med din glede!


Slik såg det ut under treet for nokre timar sidan. No er det tomt der, men ikkje tomt andre plassar i stova... Alle har fått mange fine gåver, og no har jentene gitt etter for søvnbehovet. Dei har kosa seg i dag, og vore veldig tolmodige. Heilt til vi vaksne gjerne ville vaske opp litt til etter middagen. Då heldt prinsessa på å klikke... Men berre milde klikk, om det fins;)

Etter opninga har jentene kosa seg med dei nye tinga sine. Minstemor fekk 4 bøker, og eg har lest alle fire, ei av dei tre gongar. Ho er gal etter bøker, og er utrulig ivrig etter å få nokon til å lese. Jaja, det kan vel ikkje bli så dumt med slike interesser? Dessuten er ho litt lik storebroren sin, og han kunne lese flytande då han var 4 år.

Adventskalenderen er ferdig. Dessverre. Skulle gjerne hatt ein slik gjennom heile året, eg! Det har vore veldig spennende å opne pakke kvar dag, og veldig varierte og spennende gåver inni pakkane. Eg har lenge flytta rundt på ein konvolutt med julebrev inni, merka med åpnes 24.des.

I dag fekk eg lov! Hurra! Og så koselig med eit julebrev til berre meg! Eg føler at eg har blitt kjent med Annie litt gjennom å lage kalender til henne, og så gjennom pakkane eg har fått. Kvar dag har eg fått ein handskriven lapp med eit godt ord, ei lita helsing eller ei oppfordring om å ta livet med ro i julestria. I dag vart eg enda litt betre kjent med Annie:)
Også i dag fekk kose meg med å opne pakke. Og denne pakken var størst av alle, og mest innhaldsrik. Berre sjå:

To nøster Bris, det har eg aldri prøvd før. Og ein søt sjokoladeengel, som fort forsvann. Lurer på kvar den tok vegen?? I tillegg fekk eg ein søt pose med fleire teposar i.

Det har blitt uhorveleg lite tid til strikking i det siste. Det har gått litt for mykje tid til matlaging, baking, julegåver, vasking og rydding før julefreden kunne senke seg. I dag har eg ikkje strikka ein maske, og no er klokka halv tolv... Slik har det vore mange dagar siste vekene.

Men ei lue har det blitt, i tillegg til nokre omgangar på nye svarte sokkar til meg sjølv. Gubben er noko motvillig modell;)

3 kommentarer:

Annie sa...

Tusen takk for en flott kalender:)
Har kosa meg fra første stund.
Var så moro å lage adventskalender.
Og spennende å få åpne en pakke hver dag. Har fått så mye flott:)
Ønsker deg og dine noen flott juledager!

Tove sa...

Får et visst inntrykk av at du har kost deg i julen, bare oppkjøringen med den kalenderen må jo ha vært fantastisk! Håper vi får se et produkt av det Bris garnet - er nysgjerrig på det selv...

mimouna sa...

Så kjekt med slike kalendere, koselig både å lage og å få.

Ser ut som om dere har hatt det kjekt, ønsker deg og dine fortsatt fine dager framover!