søndag 28. desember 2008

Ein skulle vøri 4 år i romjul

Eller, om ein ikkje er 4 år, er det vel ikkje så ille å vere 5 heller?

Vi har hatt nokre fine romjulsdagar hittil, og enno er det ikkje slutt!
Her er nokre bilete frå besøk hos svigerfamilien. Vi brukar alltid å vere der 1. juledag og ete brunsj, middag og kaker. Det er ein ok tradisjon. Og i tillegg har vi nesten laga ein liten tradisjon med ein tur til "kringlemyra", det er ein rask tur, kort nok til at alle kan gå. Og der kan vi finne langbord og restar av ein gapahuk. Det er nok nokon som brukar den oftare enn oss, men vi kosar oss der kvart år 1. juledag:)

Vi rotar litt, men ryddar etter oss også....

I år vart det laga bål, og det starta som eit fint lite bål, og så utvikla det seg til ein test av kor mykje røyk det går an å lage. Svigerfar er ein mester på tull og tøys, og fekk med dei 5 borneborna på kappløpet om å finne einer og kaste på bålet. Det vart ganske kvitt av røyk over myrane, ja! Men røyken lukta godt;)


Vi har også besøkt ein svoger med perser. White Knight er namnet, og han er ikkje så verst å sjå på! Ganske søt, rett og slett.
Eg innrømmer med ein gong at eg aldri kunne tenkt meg å ha ein perser sjølv, eg likar best å ha ein heilt "vanleg" katt som kan vere ute om natta og klare seg sjølv litt meir enn ein perser kan.

I dag har eg gjort noko som eg aldri har gjort før: Eg har laga karamellpudding! Dersom dette vert bra, er eg fornøgd med meg sjølv. Det er nokre ting her i livet som eg ikkje har prøvd, og no har eg testa ut ein ny ting. Så er eg eit skritt nærare å kunne vere Husmor, ikkje sant?

Eg har strikka eit par svarte sokkar til meg sjølv desse dagane. Dei er strikka av Hjertegarn, og er kjempegode!

1 kommentar:

ariel sa...

Nok eit koseleg innlegg! Min eigen femåring er så oppteken av Indiana Jones, og særleg det faktum at Harrison Ford er nokså "vaksen" i den siste filmen, så han har laga ein ny song: "En skulle vøri seksti år i romjuln"... Framleis god jul!