Eg har ei 40% stilling retta mot innvandrarfamilier, relativt nykomne til landet. No har eg mykje og god kontakt med ei herleg jente frå Palestina som skal bli med klassa på leirskule i snø og kulde. Eg er så begeistra over at ho får lov og ynskjer å bli med, så eg har lova å strikke tjukkelestar til henne:) Det skal bli ei fryd å sjå henne dra saman med resten av kullet på ein tur frå mandag til fredag, og vite at ho aldri har hatt ski på beina og knapt har hatt nærkontakt med snø før...
Tøft!
Dei skal grave snøholer, gå langrenn og stå på slalomski, og kose seg!
3 kommentarer:
Så kjekt! Blir nok en spennende opplevelse for henne. Godt med varme ragger i snøen. :o)
Spennende opplevelse for henne vil jeg tro :)Og bloggen din er jo åpen for alle....
så kjekt! For en spennende opplevelse for henne, og super måte å komme godt inn i klassen på! Herlig! Og så snill du er som skal strikke sokker til henne.
Legg inn en kommentar