søndag 18. januar 2009

Bursdagsselskap

I dag har vi hatt stort selskap, i alle fall passe stort:) Gubben blir 38 år i morgon, og då passa det best å feire det søndag. Vi hadde 15 vaksne og 6 born å mette. Så eg har laga gryte med salat, ris og loff til, og i tillegg hadde vi suksessterte, tropisk aroma, nøttebotn med pære og krem, is, lefser og søst. Og gele med vaniljesaus. På den vesle meiningsmålina mi her på sida har no 50% svart at dette er GODT, ingen har svart ÆSJ...

Men jubilanten syns gele med vaniljesaus er barnslig:)

Heldigvis er det ikkje berre eg som syns at det er godt!

Gryteretten vart veldig god. Dessverre er det umogleg å lage den likt igjen, for eg brukte ikkje oppskrift.
Eg kan jo prøve å hugse kva eg putta i den:

Oksekjøt i strimlar
Sjampinjong
Løk
Vårløk og purreløk
Paprika
Gulrot i skiver
Buljongterningar og vatn
Fløte
Tomatpure
Diverse urter til kjøt
Salt og pepar
Maizennajevner

Det meste vart steikt raskt på steikepanna og så putta i den sorte gryte etterkvart.
Og så fekk den stå i lang tid... Det var i alle fall 2,5 timar frå eg putta kjøtet oppi til eg skulle sette maten på bordet.

Det vart godt!!

Og ein av gjestane hadde med seg torsk og masse torskerogn til oss. Jada, han er fiskar:) Så i kveld har vi kokt rogn, og kosa oss med loffskiver med rogn og majones. Svogeren som kom med fisken, meinte at det var til dette formålet majones var oppfunne.

Ingen kommentarer: